Hjalma Samdrift

Visste du at kyr mobbar kvarandre? Den nyinnflytta samdriftsfjøsen til Hjalma Samdrift i Eid er først i landet med eigen vip-entre for mobba kyr som ventar på mjølkeroboten.

NORDFJORD. Dei er ein kreativ gjeng med bønder som satsar for framtida i landbruket. Tidlegare i sommar vart dei landskjende med sin fjøsrock med Åge Aleksandersen og Sambandet. Den 1.750 kvadratmeter store fjøsen vart gjort om til konsertlokale i samband med opninga. 1.400 personar var då i ekstase mellom båsar og møkkarenner.
No er det derimot kuraut og ikkje rock som fyller lokalet. Nylig flytte 45 mjølkekyr inn i rockefjøsen. Her er det yrande liv. Men på sikt er her plass til 105 mjølkekyr og 130 ungdyr, og fjøsen vil i framtida bli demonstrasjonsfjøs.

Hierarki

Som første fjøs i Norge har dei installert ein eigen vip-entre for mobba kyr - ved sidan av venteområdet kyrne står i før dei kjem inn til mjølkeroboten.
– Det er alltid så fullt inne i dette venterområdet. Om kyrne ikkje er så om seg eller vert pressa vekk av dei andre kyrne, er ein slik vip-entre ei løysing. Det er ingen andre fjøs i Norge som er tillaga for dette, og vi veit sjølvsagt ikkje om vi får bruk for det. Men det er veldig mange i Sverige som har det, med gode  resultat, seier Vidar Haugland, bonde og distriktets serviceteknikar for
DeLaval. Ein reknar med at fleire fjøs i Norge kjem etter.
– Kyr har ei sterk rangordning. Nokon er sjef, andre under. Dei kan lett verte brutale med andre kyr om  denne rangordninga vert rokka. Det såg vi då vi først jagde inn ti kyr som hadde gått ute saman, i tillegg til ei ku som hadde vore inne i fjøs på grunn av kalving. Det tålte ikkje dei andre og vart stygge med henne. Det er rett og slett mobbing, fortel samdriftsbonde Bjørn Haugland.

Datastyrt

No nyt kyrne både kumadrassar og spa. I det nye fellesfjøsen er det meste automatisert. Maskinene har overteke mjølking og fôring. Mjølkeroboten ”Hanne” har fått namn etter konsernsjefen i Tine, Hanne Refsholt. Kraftfôr er lokkemiddelet som får mjølkeprosessen til å gå utan hjelp frå bøndene. Kvar ku har eiga ID-brikke. Dersom det er lang nok tid sidan ei ku var inne til  mjølking, vil porten opne seg og kua vil bli slusa inn i maskinen. Fôrvogna er fylt med silo, og vert køyrt rundt i fjøset ti gongar i døgnet.
– Det aller beste er at alt har gått smertefritt med innflyttinga. Vi har ikkje hatt noko skade eller sjuke dyr. Vi har hatt ein mjuk overgang, nettopp for å unngå noko uhell, fortel bøndene. Hjalma Samdrift har ei mjølkekvote på 560.000 liter, som er den største i Sogn og Fjordane. Bøndene har investert 9,5 millionar kroner, i tillegg til alt arbeidet som er lagt ned. No er det tre bønder som skal stå for drifta av samdrifta. – Her er mykje å gjere, og no første vekene har vi gått to på vakt heile døgnet for å passe på kyrne. Ikkje alt er innprøvd og innlært endå, fortel dei. Samdriftsfjøset er ny kvardag også for kyrne. – Men kyrne har lært fort korleis alt fungerer, smiler dei. Kyrne går frå båsfjøs i gamle fjøs til lausdrift i fellesfjøset. - Det er ein del utfordringar og kunnskap om det å flytte inn i fjøs, og det har vore fokus på å sette i verk tiltak for å unngå problem. Det har for eksempel vore vanleg med ein del  beinproblem. Difor fylte vi den nye betongen med sagflis, og vi har gummimatter som kyrne går på.