Kviljo Samdrift

Ei veke med samanhengande sterk frost, stiv kuling og snøfokk førte til ein iskald elddåp for det nye kaldfjøset til Kviljo samdrift. Fjøset bestod vêrtesten med glans.

Etter ein byggeperiode på snaue 8 månadar kunne dei tre samdriftsbøndene frå Kviljo i Farsund kommune i Vest-Agder flytte inn i nytt kaldfjøs i byrjinga av desember i fjor. I slutten av februar kom den store testen med ekstremt vintervêr.
– Vi har nok kjent meir til kulda og snøen enn dyra, trur samdriftsbonde Odd Harald Reve. Puddersnøen fauk inn gjennom vindbremseduken på eine sida, og bøndene velde å dekke til delar av duken med sutaksplater, sjølv om det strengt tatt ikkje var naudsynt. Dyra liker seg godt på båsrekkja langs veggen, men dei trakk seg vekk når ekstremvêret stod på som verst. Med ein gong sutaksplatene kom opp flytte dyra tilbake. Når vi er på besøk har vinden nett roa seg. Det er nullføre ute. Inne i nyfjøset er lufta rein og frisk. Her er ingen støy frå vifter eller annan mekanikk. Dyra er rolege, noko Odd Harald også stadfester.
– Det er mest utruleg å sjå kor rolege og harmoniske dyra er i det nye fjøset.

Ikkje i tvil om kaldfjøs

Samdrifta består av tre bønder, Odd Harald Reve og sonen Birger Reve. Tredjemannen, Jarle Refsnes, flytte sin kuflokk inn i fjøset nokre veker etter at Reve sine kyr var på plass.
– Det gjekk berre nokre få dagar, så hadde dyra funne saman og vi greidde ikkje å skilje kuflokkane frå kvarandre. Lista-bøndene var aldri i tvil om at dei ville ha kaldfjøs.
– Fleire alternativ var aktuelle, men vi vart stadig meir overtydde om at kaldfjøs var det rette for oss. Birger er inseminør og har sett mange fjøs frå innsida.
– Vi ville ha ei enkel løysing utan for mykje mekanikk. Dessutan er Lista eit område med mykje vind. Vi trur at ei løysing med til dømes ein stillbar kip ville blitt eit problem hjå oss, meiner han.
Fjøset er 48 meter langt. Breidda er 27 meter. Kaldfjøset rommar ei tre rekkers ku-avdeling og ei to rekkers ungdyravdeling. Alle hodyra er i nyfjøset medan oksane blir fôra fram til slakt i fjøset til Jarle Refsnes. Odd Harald sin ”gamle” driftsbygning frå 1978 skal byggjast om til grisehus. Her skal Birger vidareutvikle sitt føretak, gris i kombinert produksjon.

Valde tandem

Kvifor valde de ei løysing med 2 x 3 tandem mjølkestall i staden for mjølkerobot, undrar vi.
– Det var heilt bevisst frå mi side, seier Birger. – Det var ikkje så bevisst frå mi side, skyt Odd Harald inn. Med andre ord. Dei to hadde litt ulikt utgangspunkt, men dei vart samde om at mjølkestall var det rette i deira høve. I utgangspunktet var fjøset planlagd for berre ein kvote og kapasitetsutnyttinga for ein mjølkerobot ville bli for dårleg. Det var først seinare i prosessen at tredjemann, Jarle Refsnes kom med i samdrifta, men også nå ville den samla kvoten på rett over 310 000 liter, blitt i minste laget for ein robot.
– Valet vårt har sjølvsagt med økonomi å gjere. Dessutan går utviklinga innan teknologien med mjølkerobot så fort at vi kjenner oss komfortable med å vente på kva framtida bringer på dette området. Eit anna argument mot mjølkerobot er at det er vanskelegare å praktisere god utnytting av beiteressursane på garden.
Mjølkestallen rom for nærast uavgrensa kapasitetsauke utan at vi treng investere i anna enn litt meir tid til mjølkinga. Med mjølkerobot er det ei grense for kva tid ein må investere i ein robot nummer to. Det slepper vi å tenkje på, seier dei.

God flyt under mjølkinga

– Flyten i tandemstallen er imponerande, påpeikar Odd Harald og Birger. Tandemstallen fungerer slik at dyra går inn og blir mjølka individuelt. Ergringa med ei ku som forseinkar ei heil rekke er eliminert med tandem-systemet. No, i innkøyringsperioden, er dei to om mjølkinga. Mest for at alle skal lære seg arbeidet. For tida er det nær 50 kyr som mjølkar. Mjølkinga er unnagjort på ein liten time. All informasjon om kyrne kjem opp på ein skjerm så snart dyret er på plass i boksen.
– Datasystemet ALPRO fungerer svært bra og er eit heilt nødvendig system for å skilje dyra frå kvarandre. Særleg sidan vi er fleire som mjølkar, påpeikar dei. Med tandem er det viktig med ein god ku-trafikk slik at dei slepp å jage dyra inn i tandem stallen under mjølkinga. Også her fungerer det bra. Før mjølking blir dyra stengde frå fôrbrettet slik at dei må gjennom mjølkestallen for å kome til nytt silofôr. Kyrne får kraftfôret frå to automatar i fjøset. Dei får ikkje kraftfôr i mjølkestallen.

Hydrauliske skraper

All innandørs mekanisering er levert av DeLaval.
– Dei hadde ei pakke som var konkurransedyktig på pris, og dei hadde den løysinga som vi var ute etter. Alle dyra er på liggjebås. Vi ville ikkje ha andre liggjeareal. Unnataket er spedkalvane som ligg på madrassdekka fellesareal. Her har dei i tillegg tatt med ei løysing frå grisehuset. Eit lågt tak over  liggjearealet syter for god og trekkfri varme. Kaldfjøset på Kviljo har betonggolv med hydrauliske skraper. For å styre dyra til liggjebåsane, valde dei vekk både spalteplank og gummibelagde renner.
– Det har ikkje vore problem med at kyrne ligg i renna, seier Odd Harald og Birger.

Aktiv samdrift

Jarle Refsnes var på ferie då vi var på besøk. – Det er nettopp slik ei samdrift skal fungere, meiner Odd Harald og Birger. Hjå oss er alle aktive. Vi får ein arbeidsplass med ordna arbeids- og fritid.
Og, ikkje minst, vi får ein arbeidsfellesskap som vi alle set stor pris på.