Lai

I 2007 investerte Terje Prestegård 2,6 millionar kroner i fullautomatisert mjølkeanlegg. Geitebonden frå Borgund i Lærdal kommune har ikkje angra ein dag på dette. – Ei god investering som heilt klart har optimalisert drifta, seier ein godt nøgd Prestegård.

Terje Prestegård har vakse opp med geitehald. Foreldra hadde geiter på garden, det var difor naturleg å føre dette arbeidet vidare då han tok over drifta i 2003. Ei genuin interesse og dagleg kontakt med geitene har alltid betydd svært mykje.
– Eg har nok vakse opp med geit i blodet, seier Terje med eit smil.
I tillegg til gardsdrifta har han vore postmann i 21 år. No er postuniformen lagt på hylla – Terje er blitt geitebonde på heiltid.

130 tonn i året

I løpet av året leverer dei 153 geitene hans 130 tonn liter mjølk til Tine Meieriet på Byrkjelo. Dette gjer Prestegård til den største geitebonden i Indre Sogn. I den fullautmatiserte mjølkefjøset på 90 m2 er det plassert ein mjølkestall 2x12 med plass til 24 geiter. Vegg i vegg ligg kaldfjøset på 360 m2. Samla investering 2,6 millionar kroner, i tillegg til kjøp av mjølkekvotar på 800.000 kroner. Mykje kapital, men Prestegård meiner investeringa så langt har vist seg å vere god.
– Når eg endeleg bestemte meg å satse for fullt med geit, var eg klar på at dette måtte gjerast skikkeleg. Ustyret er moderne og avansert, men veldig arbeidsbesparande. Med datastyrt fôring, automatisk avtakar og mjølkemåling har eg meir kontroll på den daglege drifta, fortel Prestegård.
Når det gjeld foring og mjølking har det seinare år vore ei rivande utvikling. I dag har Prestegård tre datastyrde kraftfôrstasjonar, kvar geit har sin eigen id synleggjort ved ei brikke festa til halsbandet. Slik kan Prestegård lett ha oversikt over at dyra får nok mat og til rett tid. Prestegård har og
automatisk fôring til dei geitekillingane sine, som i dag tel 49.

Kvalitet på arbeidsdagen

Sjølv om drifta er automatisert brukar Prestegård mange timar i fjøset kvar dag. Og kvaliteten på produktet er eineståande, geitebonden på Borgund leverer i dag 100 prosent elitemjølk.
Satsinga på avansert utstyr har ført til større optimisme meiner Prestegård. Han legg og vekt på kor viktig det er å ha god kvalitet på arbeidsdagen.
– Ja heilt klart, likedan å skaffe seg god kunnskap om det ein driv på med. Ein må tenkje kvalitet heile vegen, då vert resultatet best. I i tillegg vert det meir gjevande å halde på, avsluttar Terje Prestegård.

Nøkkeltall:

Lai

Lærdal, Norway

BESETNINGSSTØRRELSE:

153

TYPE BESETNING:

Sau & Geit

MELKESYSTEM:

Lignende gårder:



At DeLaval we use cookies to make your website experience better. You can change your web browser settings if you do not allow cookies or do not want cookies to be saved. Read more about how DeLaval handles cookies. I have read and accepted the information on how DeLaval handles cookies.