Sverre Leikanger (27) har 530.000 liter i mjølkekvote neste år. Kvoten med framtidstru er uavgrensa. Eit titals millionar kronar har Anita Frøysa og Sverre Leikanger satsa på ei framtid innan landbruket på Stadlandet. Saman med Jarle Teige vil dei neste år ha 300 storfè på bås i tre nye fjøsar og omsetje for 8 millionar kroner. Som følgje av storsatsinga vert meir enn tusen mål mark halde ved like av den unge bonden. - Eg er lei av tungsinn og mismot. I Selje har vi alle moglegheiter jog det er plass til fleire som vil satse innan landbruket i kommunen, seier Sverre Leikanger.
I 2006 kunne Sverre Leikanger flytte eigne storfe inn i nybygd fjøs på Drage.
Same året gjorde Jarle Teige akkurat same øvinga i sin nye fjøs i Årvik.
Kvote
Om fire veker flyttar dei to dyra sine inn i ny automatisert robot- og fellesfjøs på Drage til 8,2 millionar kroner. Dermed har Leikanger satsa rundt 12 millionar kroner på ei framtid i landbruket berre dei siste åra. I tillegg kjem
millioninvesteringa Teige gjorde på eigen fjøs for fire år sidan. I dag driv Leikanger med 120 storfe. Av desse 38 mjølkekyr. Mjølkekvoten er no 408.000 liter. Neste år er planen at 300 storfe skal stå på bås i dei tre fjøsa, av desse 60- 70 mjølkekyr. Mjølkekvoten auka til 530.000 liter. Fjorårets omsetnad på fem millionar kroner skal aukast til åtte.
– Vi kjem til å levere 40 tonn med storfekjøt. I tillegg kjem eg også til å levere sauekjøt, seier Sverre Leikanger, som fortel at han driv med sau i eit fjøs han leiger med Ola Drage.
– Sau er hobbyen min det, skjønar du, seier Leikanger. Leikanger fortel at den fjøsen som stod ferdig for fire år sidan i framtida vil huse mellom 120 og 140 oksar.
Årsverk
Leikanger fortel at både han sjølv, Jarle Teige og deira betre halvdelar Anita Frøysa Leikanger og Hildegunn Teige, personar, fortel Leikanger. Den unge bonden frå Stadlandet fortel at dersom dei får ein omsetnad på åtte millionar vil dei både forsvare investeringane og tene pengar.
– Det seier seg sjølv at vi har tru på det vi styrer med. Hadde vi ikkje det hatt så hadde vi aldri starta. Det er også slik at bankane har svært strenge vurderingar av lønsemd i prosjekt. Dermed hadde vi aldri fått lånt pengar om det var risiko knytt til framtidig drift. For min eigen del veit eg at dersom eg ikkje hadde bygd opp dette, hadde eg bygd opp noko anna, seier Leikanger.
– Kvifor?
– Fordi eg vil vise at vi kan få til noko i Selje. Kvifor i alle dagar skulle vi ikkje
få det til her og det minst like godt som andre stader. Vi har alle moglegheiter og eg er så lei av å høyre på dei mange som syt og klagar fordi det ikkje er råd å skape noko i Selje. Det er ikkje sant. Vi har alle moglegheiter, men ting kjem ikkje av seg sjølv, seier Leikanger.
1.000 mål
Leikanger synest det er synd at ikkje fleire unge vel å satse på ei framtid innan landbruket i Selje kommune.
– Det hadde vore plass til ein femseks slike samdrifter som den Jarle og eg no startar, seier Leikanger. Den unge bonden frå Stadlandet slår langt over
20 gardar på Stadlandet.
– Til saman slår eg over 1.000 mål med mark for å få nok gras til dyra, seier Leikanger, som slår gras på gardar i fleire bygder på Stadlandet. Leikanger fortel at all grasproduksjon vert laga i siloballar og at dei dermed må hente dei inn til fjøsane etter kvar som behovet melder seg. Ikkje den mest rasjonelle fjøsdrifta sjølvsagt, men for folk som ikkje ser problem er det alle tider råd å
fine løysingar.
– Både Jarle og eg har ruter vi brøytar om vinteren og dermed kan vi ta med oss siloballar når vi likevel fer forbi, seier Jarle Leikanger, som fortel at dersom alt går etter planen vil det bli opning av den nye staselege fjøsen om cirka fire veker. Det er enno ikkje avgjort kven som skal stå for opninga.